19 I sju dagar må det ikkje finnast surdeig i husa dykkar. Kvar den som et noko som er syra, skal støytast ut frå Israels forsamling, anten han er innflyttar eller fødd i landet.
20 De må ikkje eta noko som er syra. Kvar de enn bur, skal de eta usyra brød.
21 Då kalla Moses saman alle dei eldste i Israel og sa til dei: «Gå og hent småfe til familiane dykkar og slakt påskelammet!
22 Så skal de ta ein isopkvast, dyppa han i blodet i skåla og stryka noko av blodet på bjelken over døra og på dei to dørstolpane. Ingen av dykk må gå ut gjennom døra til huset sitt før om morgonen.
23 For Herren skal dra gjennom landet for å slå egyptarane. Og når han ser blodet på bjelken og på dei to dørstolpane, skal han gå forbi døra og ikkje la øydeleggjaren sleppa inn i huset for å slå dykk.
24 Dette skal de halda, og det skal vera ei evig ordning for deg og etterkomarane dine.
25 Når de så kjem inn i det landet Herren har lova å gje dykk, skal de halda denne skikken ved lag.