27 skal de svara: Det er eit påskeoffer for Herren fordi han gjekk forbi husa til israelittane i Egypt då han slo egyptarane, men sparte husa våre.» Då bøygde folket seg til jorda og tilbad.
28 Så gjekk israelittane bort og gjorde dette. Det som Herren hadde gjeve Moses og Aron påbod om, det gjorde dei.
29 Midt på natta slo Herren i hel alle førstefødde i Egypt, frå den førstefødde hos farao, som sat på si trone, til den førstefødde hos fangen i fengselet, og alle dei førstefødde dyra i buskapen.
30 Den natta stod farao opp, han og alle tenarane hans og alle egyptarane. Det høyrdest eit veldig skrik i Egypt, for det fanst ikkje eit einaste hus utan døde.
31 Medan det endå var natt, sende farao bod etter Moses og Aron og sa: «Bryt opp og dra bort frå folket mitt, både de og israelittane! Gå av stad og ten Herren slik de har bede om!
32 Ta òg med dykk småfeet og storfeet dykkar, som de har sagt, og dra bort! Bed så om velsigning for meg òg!»
33 Egyptarane pressa på folket for å få dei ut av landet så fort som råd. «Elles døyr vi alle saman», sa dei.