40 Israelittane hadde då budd i Egypt i 430 år.
41 Akkurat denne dagen, då dei 430 åra var til endes, drog alle Herrens hærar ut frå Egypt.
42 Det var ei vakenatt for Herren då han førte dei ut frå Egypt. Denne natta er Herrens natt. Denne natta skal alle israelittar vaka i slekt etter slekt.
43 Herren sa til Moses og Aron: «Dette er forskrifta om påskelammet: Ingen framande skal eta av det.
44 Men kvar slave som er kjøpt for pengar, og som du har late omskjera, kan eta av det.
45 Ingen framand som bur eller arbeider hos deg, kan eta av det.
46 Lammet skal etast i eitt og same hus. Kjøtet må ikkje takast ut av huset, og beina må ikkje brytast på lammet.