44 Men kvar slave som er kjøpt for pengar, og som du har late omskjera, kan eta av det.
45 Ingen framand som bur eller arbeider hos deg, kan eta av det.
46 Lammet skal etast i eitt og same hus. Kjøtet må ikkje takast ut av huset, og beina må ikkje brytast på lammet.
47 Slik skal heile Israels forsamling gjera.
48 Dersom innflyttaren som bur hos deg, vil halda påske for Herren, skal alle mennene hos han omskjerast. Då kan han vera med og halda høgtid. Han skal vera som ein som er fødd i landet. Men ingen uomskoren kan eta av det.
49 Ei og same lov skal gjelda for den som er fødd i landet, og for innflyttaren som bur hos dykk.»
50 Dette gjorde alle israelittane. Dei gjorde alt som Herren hadde pålagt Moses og Aron.