14 Og når son din sidan spør deg kva dette tyder, skal du svara: «Med sterk hand førte Herren oss ut frå Egypt, ut frå slavehuset.
15 Då farao gjorde seg hard og ikkje ville la oss dra, slo Herren i hel alle førstefødde i Egypt, av både menneske og dyr. Difor ofrar eg til Herren alt av hannkjønn som opnar morslivet, men kvar førstefødd son løyser eg ut.
16 Det skal vera eit teikn på handa di og eit merke på panna di. For med sterk hand førte Herren oss ut frå Egypt.»
17 Då farao lét folket dra, førte Gud dei ikkje gjennom landet til filistrane, sjølv om den vegen var den kortaste. For Gud tenkte at folket kunne koma til å angra seg og venda attende til Egypt dersom dei opplevde krig.
18 Difor lét Gud dei gå ein omveg gjennom ørkenen mot Sivsjøen.Så drog israelittane opp frå Egypt, fullt rusta.
19 Moses tok med seg knoklane etter Josef. For Josef hadde teke ein eid av israelittane og sagt: «Når Gud tek seg av dykk, då skal de ta knoklane mine med dykk herifrå.»
20 Dei braut opp frå Sukkot og slo leir i Etam, i utkanten av ørkenen.