17 Då farao lét folket dra, førte Gud dei ikkje gjennom landet til filistrane, sjølv om den vegen var den kortaste. For Gud tenkte at folket kunne koma til å angra seg og venda attende til Egypt dersom dei opplevde krig.
18 Difor lét Gud dei gå ein omveg gjennom ørkenen mot Sivsjøen.Så drog israelittane opp frå Egypt, fullt rusta.
19 Moses tok med seg knoklane etter Josef. For Josef hadde teke ein eid av israelittane og sagt: «Når Gud tek seg av dykk, då skal de ta knoklane mine med dykk herifrå.»
20 Dei braut opp frå Sukkot og slo leir i Etam, i utkanten av ørkenen.
21 Og Herren gjekk føre dei; om dagen i ei skysøyle for å syna dei vegen, om natta i ei eldsøyle for å lysa for dei. Slik kunne dei gå vidare både dag og natt.
22 Skysøyla veik ikkje frå folket om dagen og eldsøyla ikkje om natta.