19 Moses tok med seg knoklane etter Josef. For Josef hadde teke ein eid av israelittane og sagt: «Når Gud tek seg av dykk, då skal de ta knoklane mine med dykk herifrå.»
20 Dei braut opp frå Sukkot og slo leir i Etam, i utkanten av ørkenen.
21 Og Herren gjekk føre dei; om dagen i ei skysøyle for å syna dei vegen, om natta i ei eldsøyle for å lysa for dei. Slik kunne dei gå vidare både dag og natt.
22 Skysøyla veik ikkje frå folket om dagen og eldsøyla ikkje om natta.