2 «Alle førstefødde skal du helga til meg. Alt førstefødd hos israelittane, det som opnar morslivet, skal høyra meg til, anten det er menneske eller dyr.»
3 Moses sa til folket: Kom i hug denne dagen då de drog ut frå Egypt, ut frå slavehuset. For med sterk hand førte Herren dykk ut derifrå. Då skal de ikkje eta noko som er syra.
4 I dag dreg de ut, i månaden abib.
5 Med eid lova Herren fedrane dine å gje deg eit land som fløymer med mjølk og honning. Når så Herren fører deg inn i landet til kanaanearane og hetittane, amorittane, hevittane og jebusittane, då skal du i denne månaden feira denne høgtida slik:
6 I sju dagar skal du eta usyra brød, og den sjuande dagen skal det vera høgtid for Herren.
7 Alle dei sju dagane skal du eta usyra brød. Det må ikkje finnast noko som er syra hos deg, i heile landet må det ikkje finnast nokon surdeig.
8 Den dagen skal du fortelja son din: «Dette er til minne om det Herren gjorde for meg då eg drog ut frå Egypt.»