3 Moses sa til folket: Kom i hug denne dagen då de drog ut frå Egypt, ut frå slavehuset. For med sterk hand førte Herren dykk ut derifrå. Då skal de ikkje eta noko som er syra.
4 I dag dreg de ut, i månaden abib.
5 Med eid lova Herren fedrane dine å gje deg eit land som fløymer med mjølk og honning. Når så Herren fører deg inn i landet til kanaanearane og hetittane, amorittane, hevittane og jebusittane, då skal du i denne månaden feira denne høgtida slik:
6 I sju dagar skal du eta usyra brød, og den sjuande dagen skal det vera høgtid for Herren.
7 Alle dei sju dagane skal du eta usyra brød. Det må ikkje finnast noko som er syra hos deg, i heile landet må det ikkje finnast nokon surdeig.
8 Den dagen skal du fortelja son din: «Dette er til minne om det Herren gjorde for meg då eg drog ut frå Egypt.»
9 Du skal ha det som eit merke på handa og eit minneteikn på panna, så Herrens lov kan vera på leppene dine. For med sterk hand førte Herren deg ut frå Egypt.