12 Var det ikkje det vi sa til deg i Egypt: Lat oss få vera i fred, vi vil arbeida for egyptarane! Det er betre for oss å arbeida for dei enn å døy i ørkenen.»
13 Då sa Moses til folket: «Ver ikkje redde! Stå fast, så skal de få sjå at Herren frelser dykk i dag! For slik de ser egyptarane i dag, skal de aldri meir sjå dei.
14 Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille.»
15 Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du til meg? Sei til israelittane at dei skal dra vidare!
16 Du skal lyfta staven din og retta handa ut over havet og kløyva det, så israelittane kan gå tørrskodde tvers igjennom havet.
17 Sjå, eg gjer hjartet til egyptarane ubøyeleg, så dei set etter dei. Eg skal visa min herlegdom på farao og heile hans hær, på vognene og ryttarane hans.
18 Egyptarane skal kjenna at eg er Herren når eg viser min herlegdom på farao og vognene og ryttarane hans.»