19 Guds engel, som hadde gått føre Israels leir, bytte no plass og gjekk etter folket. Skysøyla som var framfor dei, flytte seg og stilte seg bak dei,
20 så ho kom mellom leiren til egyptarane og leiren til israelittane. Og skya kom med mørker, men lyste likevel opp natta, så dei ikkje kom innpå kvarandre heile natta.
21 Då rette Moses handa ut over havet, og Herren dreiv havet bort med ein sterk austavind, som bles heile natta, så havet vart til tørt land. Vatnet vart kløyvd,
22 og israelittane gjekk tørrskodde tvers igjennom havet. Vatnet stod som ein mur til høgre og venstre for dei.
23 Egyptarane sette etter dei med alle hestane, vognene og ryttarane til farao, og følgde etter dei midt ut i havet.
24 Men ved morgonvakta såg Herren ned på leiren til egyptarane frå eldsøyla og skysøyla, og han skapte forvirring blant dei.
25 Han låste hjula på vognene deira så det vart tungt for dei å koma seg fram. Då sa egyptarane: «Lat oss rømma for israelittane! For Herren kjempar for dei mot egyptarane.»