26 Då sa Herren til Moses: «Rett handa ut over havet, så skal vatnet venda attende over egyptarane, over vognene og ryttarane deira!»
27 Så rette Moses handa ut over havet, og ved morgongry vende vatnet attende. Egyptarane rømde rett imot det, og Herren støytte dei midt ut i havet.
28 Vatnet vende attende og skylde over alle vognene og ryttarane i hæren til farao, som hadde følgt etter israelittane ut i havet. Ikkje ein mann overlevde.
29 Men israelittane gjekk tørrskodde gjennom havet medan vatnet stod som ein mur til høgre og venstre for dei.
30 Den dagen frelste Herren Israel frå handa til egyptarane. Israelittane såg at egyptarane låg døde på stranda.
31 Då dei såg det storverket Herren hadde gjort mot egyptarane, frykta folket Herren, og dei trudde på Herren og på Moses, tenaren hans.