3 Så kjem farao til å seia at israelittane har gått seg vill i landet, og at ørkenen har stengt dei inne.
4 Eg vil gjera hjartet til farao ubøyeleg, så han set etter dei. Då skal eg visa min herlegdom på farao og heile hans hær. Og egyptarane skal kjenna at eg er Herren.» Dette gjorde israelittane.
5 Då kongen i Egypt fekk melding om at folket hadde rømt, kom han og tenarane hans på andre tankar om folket. «Kva er det vi har gjort?» sa dei. «Vi lét israelittane dra frå slavearbeidet hos oss!»
6 Så lét han spenna for vogna si og tok hæren med seg.
7 Han tok 600 av dei beste vognene og elles alt som fanst av vogner i Egypt, og offiserar til kvar av dei.
8 For Herren gjorde farao, kongen i Egypt, ubøyeleg i hjartet, så han sette etter israelittane. Men israelittane drog ut med lyft hand.
9 Egyptarane sette etter dei med alle vognene, hestane og ryttarane og heile hæren til farao. Dei nådde dei att ved Pi-Hahirot, der dei låg i leir ved havet, framfor Baal-Safon.