9 Egyptarane sette etter dei med alle vognene, hestane og ryttarane og heile hæren til farao. Dei nådde dei att ved Pi-Hahirot, der dei låg i leir ved havet, framfor Baal-Safon.
10 Då farao nærma seg, såg israelittane opp og fekk auge på egyptarane som kom etter dei. Dei vart gripne av stor redsle og ropa til Herren.
11 Dei sa til Moses: «Fanst det ikkje graver nok i Egypt sidan du har ført oss ut i ørkenen for å døy? Kvifor har du gjort dette mot oss? Kvifor førte du oss ut frå Egypt?
12 Var det ikkje det vi sa til deg i Egypt: Lat oss få vera i fred, vi vil arbeida for egyptarane! Det er betre for oss å arbeida for dei enn å døy i ørkenen.»
13 Då sa Moses til folket: «Ver ikkje redde! Stå fast, så skal de få sjå at Herren frelser dykk i dag! For slik de ser egyptarane i dag, skal de aldri meir sjå dei.
14 Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille.»
15 Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du til meg? Sei til israelittane at dei skal dra vidare!