10 Du lét din pust blåsa,og havet gøymde dei.Dei sokk som bly i det veldige vatnet.
11 Kven er som du blant gudane, Herre?Kven er som du, herleg og heilag,skremmande i storverk,underfull i gjerning?
12 Du rette ut di høgre hand,då slukte jorda dei.
13 I kjærleik førte dudet folket som du fria ut.Du leidde dei med di krafttil din heilage bustad.
14 Folka høyrde det og skalv,angst greip dei som bur i Filistarland.
15 Då vart Edoms hovdingar forfærde,dei mektige i Moab skalv,alle som bur i Kanaan, mista motet.
16 Angst og redsle kjem over dei,ved din veldige arm blir dei som forsteina,medan folket ditt dreg framom, Herre,medan folket som du har vunne, dreg framom.