15 Då vart Edoms hovdingar forfærde,dei mektige i Moab skalv,alle som bur i Kanaan, mista motet.
16 Angst og redsle kjem over dei,ved din veldige arm blir dei som forsteina,medan folket ditt dreg framom, Herre,medan folket som du har vunne, dreg framom.
17 Du skal føra dei inn og planta deipå fjellet som er din eigedom,på staden du har gjort til din bustad, Herre,heilagdomen som dine henderhar grunnlagt, Herre.
18 Herren er konge til evig tid.
19 Då hestane til farao, med vogner og ryttarar, gjekk ut i havet, lét Herren vatnet venda attende over dei. Men israelittane gjekk tørrskodde gjennom havet.
20 Så tok syster til Aron, Mirjam, som var profet, ei tromme i handa, og alle kvinnene følgde etter henne, slo på tromme og dansa.
21 Mirjam song i vekselsong med dei:«Syng for Herren,for han er høgt opphøgd,Hest og ryttar kasta han i havet!»