19 Då hestane til farao, med vogner og ryttarar, gjekk ut i havet, lét Herren vatnet venda attende over dei. Men israelittane gjekk tørrskodde gjennom havet.
20 Så tok syster til Aron, Mirjam, som var profet, ei tromme i handa, og alle kvinnene følgde etter henne, slo på tromme og dansa.
21 Mirjam song i vekselsong med dei:«Syng for Herren,for han er høgt opphøgd,Hest og ryttar kasta han i havet!»
22 Moses lét Israel bryta opp frå Sivsjøen, og dei kom til ørkenen Sjur. Dei gjekk tre dagar i ørkenen utan å finna vatn.
23 Så kom dei til Mara; men dei kunne ikkje drikka vatnet i Mara fordi det var beiskt. Difor vart staden kalla Mara.
24 Folket klaga til Moses og sa: «Kva skal vi drikka?»
25 Då ropa han til Herren, og Herren viste han eit tre. Det kasta han i vatnet, og vatnet vart friskt.I Mara fastsette han lov og rett for folket, og der sette han dei på prøve.