2 Herren er mi kraft og min styrke,han har vorte mi frelse.Han er min Gud, han vil eg prisa,min fars Gud, han vil eg opphøgja.
3 Herren er ein krigar, Herren er hans namn.
4 Faraos vogner og heile hans hærkasta han i havet,dyktige krigarar drukna i Sivsjøen.
5 Havdjupa gøymde dei,dei sokk som stein i djupet.
6 Herre, di høgre hand er herleg i makt,di høgre hand knuser fiendar, Herre.
7 I ditt velde slår du ned dei som reiser seg mot deg.Du slepper harmen din laus,han fortærer dei som strå.
8 Ved eit pust frå din nasetårna vatnet seg opp.Strøymande vatn stod som ein voll,djupa stivna i havsens hjarte.