24 Folket klaga til Moses og sa: «Kva skal vi drikka?»
25 Då ropa han til Herren, og Herren viste han eit tre. Det kasta han i vatnet, og vatnet vart friskt.I Mara fastsette han lov og rett for folket, og der sette han dei på prøve.
26 Han sa: «Om du fullt og heilt lyder røysta til Herren din Gud og gjer det som rett er i hans auge, lyttar til boda hans og held alle forskriftene hans, då skal eg ikkje leggja på deg alle dei sjukdomane eg la på egyptarane. For eg, Herren, er den som lækjer deg.»
27 Sidan kom dei til Elim. Der var det tolv vasskjelder og sytti daddelpalmar. Og dei slo leir der ved vatnet.