1 Dei braut opp frå Elim, og heile Israels forsamling kom til Sin-ørkenen, som ligg mellom Elim og Sinai. Det var den femtande dagen i den andre månaden etter at dei hadde drege ut frå Egypt.
2 Heile forsamlinga klaga til Moses og Aron i ørkenen
3 og sa: «Om vi berre hadde fått døy for Herrens hand i Egypt då vi sat rundt kjøtgrytene og åt oss mette! Men no har de ført oss ut i denne ørkenen for at alle vi som er samla her, skal døy av svolt.»
4 Då sa Herren til Moses: «Sjå, eg vil la det regna brød ned til dykk frå himmelen. Kvar dag skal folket gå ut og sanka det dei treng. Slik vil eg setja dei på prøve og sjå om dei følgjer mi lov eller ikkje.
5 Når dei den sjette dagen lagar til det dei har henta, skal det vera dobbelt så mykje som det dei elles sankar kvar dag.»
6 Så sa Moses og Aron til alle israelittane: «I kveld skal de forstå at det var Herren som førte dykk ut frå Egypt.