15 Då israelittane såg det, sa dei til kvarandre: «Kva er det?» For dei visste ikkje kva det var. Og Moses sa til dei: «Det er det brødet Herren har gjeve dykk å eta.
16 Dette er det påbodet Herren har gjeve: Sank så mykje de kan eta av dette, ein omer per hovud. Alt etter kor mange de er, skal kvar henta til dei som bur i teltet.»
17 Det gjorde israelittane, somme sanka mykje, andre lite.
18 Då dei målte det i omer, hadde den som hadde sanka mykje, ikkje noko til overs, og den som hadde sanka lite, mangla ingen ting. Alle hadde sanka så mykje mat som dei trong.
19 Moses sa til dei: «Ingen må la det bli noko att til neste morgon.»
20 Men dei høyrde ikkje på Moses. Somme lét det vera att noko til neste morgon. Då gjekk det makk i det, og det stinka. Og Moses vart sint på dei.
21 Kvar morgon sanka kvar og ein så mykje mat som han trong. Når sola byrja å verma, smelta det.