22 Den sjette dagen sanka dei dobbelt så mykje brød, to omer til kvar. Og alle leiarane i forsamlinga kom og fortalde det til Moses.
23 Då sa han til dei: «Dette er det Herren har sagt. I morgon er det sabbatskvile, ein heilag sabbat for Herren. Bak no det som skal bakast, og kok det som skal kokast! Men alt det som blir til overs, skal de leggja bort til i morgon.»
24 Så la dei det bort til om morgonen, slik som Moses hadde pålagt dei. Då stinka det ikkje, og det gjekk ikkje makk i det.
25 Moses sa: «Et det i dag, for i dag er det sabbat for Herren. I dag finn de ikkje noko på marka.
26 Seks dagar skal de sanka. Men den sjuande dagen er det sabbat. Då er det ingen ting der.»
27 Den sjuande dagen var det likevel nokre som gjekk ut og ville sanka. Men dei fann ingen ting.
28 Då sa Herren til Moses: «Kor lenge vil de nekta å halda boda og lovene mine?