25 Moses sa: «Et det i dag, for i dag er det sabbat for Herren. I dag finn de ikkje noko på marka.
26 Seks dagar skal de sanka. Men den sjuande dagen er det sabbat. Då er det ingen ting der.»
27 Den sjuande dagen var det likevel nokre som gjekk ut og ville sanka. Men dei fann ingen ting.
28 Då sa Herren til Moses: «Kor lenge vil de nekta å halda boda og lovene mine?
29 Merk dykk at Herren har gjeve dykk sabbaten! Difor gjev han dykk på den sjette dagen mat for to dagar. Bli der de er! Ingen må gå bort frå staden sin den sjuande dagen.»
30 Så heldt folket seg i ro den sjuande dagen.
31 Israelittane kalla det manna. Det likna korianderfrø. Det var kvitt og smaka som tynne kaker baka i honning.