8 Moses heldt fram: «I kveld skal Herren gje dykk kjøt å eta og i morgon brød å metta dykk med. For Herren har høyrt korleis de har klaga til han. Men kven er vi? Det er ikkje over oss de klagar, men over Herren.»
9 Moses sa til Aron: «Sei til heile Israels forsamling: Kom fram for Herren, for han har høyrt korleis de murrar!»
10 Medan Aron tala til Israels forsamling, vende dei seg mot ørkenen. Og sjå, Herrens herlegdom synte seg i skyene.
11 Då tala Herren til Moses:
12 «Eg har høyrt korleis israelittane murrar. Sei til dei: Når det mørknar, skal de få kjøt å eta, og i morgon tidleg skal de få eta dykk mette på brød. De skal kjenna at eg er Herren dykkar Gud.»
13 I kveldinga kom det vaktlar og dekte leiren, og om morgonen låg det eit lag med dogg rundt leiren.
14 Då dogga var borte, låg det att eit fint, kornete lag over ørkenen; det var som fint rim på jorda.