13 Josva slo amalekittane og hæren deira ned med sverd.
14 Sidan sa Herren til Moses: «Skriv dette ned i ein bokrull som eit minne, og les det opp for Josva. For eg vil utsletta alt minne om amalekittane under himmelen.»
15 Då bygde Moses eit altar og kalla det «Herren er mi fane».
16 Og han sa: «Handa på Herrens fane! Herren skal kjempa mot amalekittane frå slekt til slekt.»