2 Folket tretta med Moses og sa: «Gjev oss vatn så vi får drikka!» Moses svara: «Kvifor trettar de med meg? Kvifor set de Herren på prøve?»
3 Men folket tørsta etter vatn. Dei klaga til Moses og sa: «Kvifor har du ført oss opp frå Egypt? Vil du at vi og borna våre og buskapen vår skal døy av tørste?»
4 Då ropa Moses til Herren og sa: «Kva skal eg gjera med dette folket? Snart steinar dei meg!»
5 Herren sa til Moses: «Ta med deg nokre av dei eldste i Israel og gå føre folket. Og staven som du slo på Nilen med, skal du ta med deg når du går.
6 Sjå, eg skal stå framfor deg på berget ved Horeb. Når du slår på berget, skal det strøyma fram vatn, så folket får drikka.» Moses gjorde som Herren sa, framfor auga på dei eldste i Israel.
7 Han kalla staden Massa og Meriba. For der tretta israelittane, og der sette dei Herren på prøve då dei sa: «Er Herren iblant oss eller ikkje?»
8 Amalekittane kom og gjekk til kamp mot israelittane i Refidim.