4 Då ropa Moses til Herren og sa: «Kva skal eg gjera med dette folket? Snart steinar dei meg!»
5 Herren sa til Moses: «Ta med deg nokre av dei eldste i Israel og gå føre folket. Og staven som du slo på Nilen med, skal du ta med deg når du går.
6 Sjå, eg skal stå framfor deg på berget ved Horeb. Når du slår på berget, skal det strøyma fram vatn, så folket får drikka.» Moses gjorde som Herren sa, framfor auga på dei eldste i Israel.
7 Han kalla staden Massa og Meriba. For der tretta israelittane, og der sette dei Herren på prøve då dei sa: «Er Herren iblant oss eller ikkje?»
8 Amalekittane kom og gjekk til kamp mot israelittane i Refidim.
9 Då sa Moses til Josva: «Vel ut nokre menn for oss, ta i veg og kjemp mot amalekittane! I morgon skal eg stå på toppen av høgda med Guds stav i handa.»
10 Josva gjorde som Moses sa, og kjempa mot amalekittane, medan Moses, Aron og Hur gjekk opp på toppen av høgda.