1 Jetro, presten i Midjan, var svigerfar til Moses. Han fekk høyra om alt det Gud hadde gjort for Moses og for Israel, folket sitt – at Herren hadde ført Israel ut frå Egypt.
2 Då tok Jetro, svigerfar til Moses, med seg Sippora, kona hans, som Moses hadde sendt heim,
3 og dei to sønene hennar. Den eine heitte Gersjom, for Moses hadde sagt: «Eg har vorte innflyttar i framandt land.»
4 Den andre heitte Elieser, for: «Gud til far min kom meg til hjelp og berga meg frå sverdet til farao.»
5 No kom Jetro, svigerfar til Moses, til han i ørkenen med sønene og kona hans. Der i ørkenen hadde Moses slege leir ved Guds fjell.