13 Dagen etter sat Moses og skifte rett blant folket. Dei stod omkring han frå morgon til kveld.
14 Då svigerfar hans såg alt det han hadde å gjera for dei, sa han: «Kva er det du tek på deg for folket? Kvifor sit du åleine og dømmer medan heile folket står oppover deg frå morgon til kveld?»
15 Moses svara svigerfar sin: «Folket kjem til meg for å spørja Gud om råd.
16 Når dei har sak, kjem dei til meg, og eg skifter rett mellom dei. Eg gjer dei kjende med Guds forskrifter og lover.»
17 Då sa svigerfar hans: «Det er ikkje bra det du gjer.
18 Du kjem til å slita ut både deg sjølv og folket som er hos deg. Dette er altfor tungt for deg, du kan ikkje gjera det åleine.
19 Høyr no på meg! Eg vil gje deg eit råd, og Gud skal vera med deg. Du skal stiga fram for Gud på vegner av folket og leggja sakene deira fram for han.