15 Moses svara svigerfar sin: «Folket kjem til meg for å spørja Gud om råd.
16 Når dei har sak, kjem dei til meg, og eg skifter rett mellom dei. Eg gjer dei kjende med Guds forskrifter og lover.»
17 Då sa svigerfar hans: «Det er ikkje bra det du gjer.
18 Du kjem til å slita ut både deg sjølv og folket som er hos deg. Dette er altfor tungt for deg, du kan ikkje gjera det åleine.
19 Høyr no på meg! Eg vil gje deg eit råd, og Gud skal vera med deg. Du skal stiga fram for Gud på vegner av folket og leggja sakene deira fram for han.
20 Du skal forklara dei forskriftene og lovene og gjera dei kjende med den vegen dei skal gå, og dei gjerningane dei skal gjera!
21 Men du skal sjå deg ut dugande menn av heile folket, menn som fryktar Gud, er pålitelege og som hatar urett vinning. Du skal setja dei til å vera førarar for tusen, hundre, femti og ti.