17 Då sa svigerfar hans: «Det er ikkje bra det du gjer.
18 Du kjem til å slita ut både deg sjølv og folket som er hos deg. Dette er altfor tungt for deg, du kan ikkje gjera det åleine.
19 Høyr no på meg! Eg vil gje deg eit råd, og Gud skal vera med deg. Du skal stiga fram for Gud på vegner av folket og leggja sakene deira fram for han.
20 Du skal forklara dei forskriftene og lovene og gjera dei kjende med den vegen dei skal gå, og dei gjerningane dei skal gjera!
21 Men du skal sjå deg ut dugande menn av heile folket, menn som fryktar Gud, er pålitelege og som hatar urett vinning. Du skal setja dei til å vera førarar for tusen, hundre, femti og ti.
22 Dei skal skifta rett blant folket til kvar tid. Kvar stor sak skal dei koma til deg med, men i kvar lita sak skal dei dømma sjølve. Slik skal du letta børa for deg sjølv og la dei bera henne saman med deg.
23 Gjer du det slik og dette er Guds vilje, kan du halda ut, og då kan alt folket her dra heim i fred.»