2 Då tok Jetro, svigerfar til Moses, med seg Sippora, kona hans, som Moses hadde sendt heim,
3 og dei to sønene hennar. Den eine heitte Gersjom, for Moses hadde sagt: «Eg har vorte innflyttar i framandt land.»
4 Den andre heitte Elieser, for: «Gud til far min kom meg til hjelp og berga meg frå sverdet til farao.»
5 No kom Jetro, svigerfar til Moses, til han i ørkenen med sønene og kona hans. Der i ørkenen hadde Moses slege leir ved Guds fjell.
6 Han sende bod til Moses og sa: «Eg, Jetro, svigerfar din, kjem til deg med kona di og dei to sønene hennar.»
7 Då gjekk Moses ut og kom svigerfar sin til møtes. Han bøygde seg ned for han og kyste han. Dei helsa på kvarandre og gjekk så inn i teltet.
8 Moses fortalde svigerfar sin om alt det Herren hadde gjort med farao og egyptarane for Israels skuld, om alt slitet og strevet på vegen og korleis Herren hadde berga dei.