20 Du skal forklara dei forskriftene og lovene og gjera dei kjende med den vegen dei skal gå, og dei gjerningane dei skal gjera!
21 Men du skal sjå deg ut dugande menn av heile folket, menn som fryktar Gud, er pålitelege og som hatar urett vinning. Du skal setja dei til å vera førarar for tusen, hundre, femti og ti.
22 Dei skal skifta rett blant folket til kvar tid. Kvar stor sak skal dei koma til deg med, men i kvar lita sak skal dei dømma sjølve. Slik skal du letta børa for deg sjølv og la dei bera henne saman med deg.
23 Gjer du det slik og dette er Guds vilje, kan du halda ut, og då kan alt folket her dra heim i fred.»
24 Moses høyrde på svigerfar sin og gjorde alt det han sa.
25 Han valde ut dugande menn av heile Israel og sette dei til overhovud for folket. Somme skulle vera førarar for tusen, andre for hundre, femti og ti.
26 Og dei skifte rett blant folket til kvar tid. Kvar vanskeleg sak kom dei med til Moses, og i kvar lita sak dømde dei sjølve.