1 Israelittane kom til Sinai-ørkenen i den tredje månaden etter utferda frå Egypt, på nymånedagen.
2 Dei braut opp frå Refidim og kom til Sinai-ørkenen. Israelittane slo leir der i ørkenen, dei slo leir framfor fjellet.
3 Moses gjekk opp til Gud. Då ropa Herren til han frå fjellet: «Dette skal du seia til Jakobs hus og fortelja til israelittane:
4 De har sett kva eg gjorde med egyptarane, og korleis eg lyfte dykk på ørnevenger og bar dykk hit til meg.