11 Den tredje dagen skal dei halda seg klare, for på den dagen skal Herren stiga ned på Sinai-fjellet for auga på heile folket.
12 Du skal dra ei grense framfor folket og seia: Ta dykk i vare, så de ikkje går opp på fjellet eller rører ved foten av det! Kvar den som rører ved fjellet, skal døy.
13 Inga hand må røra han. Han skal steinast eller skytast. Anten det er eit dyr eller eit menneske, skal det ikkje få leva. Når det lyder ein lang hornstøyt, kan de gå opp på fjellet.»
14 Så gjekk Moses ned frå fjellet til folket. Han helga dei, og dei vaska kleda sine.
15 Han sa til folket: «Hald dykk klare den tredje dagen! Kom ikkje nær noka kvinne!»
16 Då det vart morgon tredje dagen, byrja det å torna og lyna. Ei tung sky la seg over fjellet, og det gjalla høgt frå bukkehorn. Alt folket i leiren skalv av redsle.
17 Men Moses førte folket ut frå leiren for å møta Gud, og dei stilte seg ved foten av fjellet.