14 Så gjekk Moses ned frå fjellet til folket. Han helga dei, og dei vaska kleda sine.
15 Han sa til folket: «Hald dykk klare den tredje dagen! Kom ikkje nær noka kvinne!»
16 Då det vart morgon tredje dagen, byrja det å torna og lyna. Ei tung sky la seg over fjellet, og det gjalla høgt frå bukkehorn. Alt folket i leiren skalv av redsle.
17 Men Moses førte folket ut frå leiren for å møta Gud, og dei stilte seg ved foten av fjellet.
18 Heile Sinai-fjellet stod i røyk fordi Herren hadde stige ned på det i eld. Røyken steig opp som frå ein smelteomn, og heile fjellet skalv.
19 Lyden av bukkehorn vart sterkare og sterkare. Moses tala, og Gud svara han med høg røyst.
20 Då steig Herren ned på toppen av Sinai-fjellet. Herren kalla Moses opp til toppen av fjellet, og Moses gjekk opp.