19 Lyden av bukkehorn vart sterkare og sterkare. Moses tala, og Gud svara han med høg røyst.
20 Då steig Herren ned på toppen av Sinai-fjellet. Herren kalla Moses opp til toppen av fjellet, og Moses gjekk opp.
21 Herren sa til han: «Gå ned og åtvar folket, så dei ikkje trengjer seg fram til Herren for å sjå! For då kjem mange av dei til å falla.
22 Jamvel prestane, som elles får stiga fram for Herren, må helga seg, for at Herren ikkje skal bryta inn blant dei.»
23 Då sa Moses til Herren: «Folket kan ikkje gå opp på Sinai-fjellet, for du har sjølv åtvara oss og sagt: Dra ei grense rundt fjellet og lys det heilagt!»
24 Herren sa til han: «Gå ned, og kom så opp att saman med Aron! Men prestane og folket må ikkje trengja seg fram for å gå opp til Herren, for då bryt han inn blant dei.»
25 Då gjekk Moses ned til folket og sa det til dei.