2 Dei braut opp frå Refidim og kom til Sinai-ørkenen. Israelittane slo leir der i ørkenen, dei slo leir framfor fjellet.
3 Moses gjekk opp til Gud. Då ropa Herren til han frå fjellet: «Dette skal du seia til Jakobs hus og fortelja til israelittane:
4 De har sett kva eg gjorde med egyptarane, og korleis eg lyfte dykk på ørnevenger og bar dykk hit til meg.
5 Dersom de lyder mi røyst og held mi pakt, skal de vera min kostelege eigedom framfor alle andre folk; for heile jorda er mi.
6 De skal vera eit kongerike av prestar og eit heilagt folk for meg. Dette er dei orda du skal tala til israelittane.»
7 Då Moses kom tilbake, kalla han saman dei eldste i folket og la fram for dei alle dei orda som Herren hadde pålagt han.
8 Og heile folket svara samrøystes: «Alt det Herren har sagt, skal vi gjera.» Dette svaret bar Moses tilbake til Herren.