11 Ei tid etter, då Moses var vaksen, gjekk han ut til landsmennene sine og fekk sjå tvangsarbeidet. Han såg ein egyptar som slo ein hebrear, ein av landsmennene hans.
12 Moses såg seg om til alle sider, og då han ikkje såg nokon, slo han egyptaren i hel og gøymde han i sanden.
13 Dagen etter gjekk han ut att. Då fekk han sjå to hebrearar som slost. Han sa til den som hadde skulda: «Kvifor slår du nesten din?»
14 Mannen svara: «Kven har sett deg til leiar og dommar over oss? Tenkjer du å drepa meg slik du drap egyptaren?» Då vart Moses redd og sa med seg sjølv: «Så er saka likevel kjend!»
15 Då farao fekk høyra om det, prøvde han å få Moses drepen. Men Moses rømde for farao. Han slo seg ned i landet Midjan, der han budde ved ein brønn.
16 Presten i Midjan hadde sju døtrer. Dei kom og drog opp vatn og fylte traua for å gje småfeet til faren å drikka.
17 Men det kom nokre gjetarar og jaga dei bort. Då greip Moses inn og hjelpte dei, og han gav småfeet deira vatn.