14 Mannen svara: «Kven har sett deg til leiar og dommar over oss? Tenkjer du å drepa meg slik du drap egyptaren?» Då vart Moses redd og sa med seg sjølv: «Så er saka likevel kjend!»
15 Då farao fekk høyra om det, prøvde han å få Moses drepen. Men Moses rømde for farao. Han slo seg ned i landet Midjan, der han budde ved ein brønn.
16 Presten i Midjan hadde sju døtrer. Dei kom og drog opp vatn og fylte traua for å gje småfeet til faren å drikka.
17 Men det kom nokre gjetarar og jaga dei bort. Då greip Moses inn og hjelpte dei, og han gav småfeet deira vatn.
18 Då dei kom heim att til Re'uel, far sin, spurde han: «Kvifor kjem de så tidleg i dag?»
19 Dei svara: «Ein egyptar berga oss frå gjetarane. Han drog òg opp vatn for oss og gav småfeet å drikka.»
20 «Kvar er han?» spurde faren døtrene. «Kvifor gjekk de ifrå mannen? Hent han, så han kan få seg mat.»