22 Ho fødde ein son, og Moses gav han namnet Gersjom; «for eg har vorte innflyttar i eit framandt land», sa han.
23 Lenge etter dette døydde kongen i Egypt. Israelittane sukka og klaga over slavearbeidet, og skriket deira steig opp til Gud.
24 Gud høyrde korleis dei stønna, og Gud kom i hug si pakt med Abraham, Isak og Jakob.
25 Gud såg til israelittane; Gud kjende dei.