6 Så opna ho korga og fekk sjå guten, eit lite barn som låg og gret. Ho syntest synd på han og sa: «Dette er eit av guteborna til hebrearane.»
7 Då sa syster hans til faraos dotter: «Skal eg gå og finna ei hebrearkvinne som kan amma guten for deg?»
8 «Ja, gå!» sa dotter til farao. Så gjekk den unge jenta og henta mor til guten.
9 Dotter til farao sa til henne: «Kan du ta denne guten og amma han for meg? Eg skal løna deg for det.» Og kvinna tok guten og amma han.
10 Guten voks opp, og ho gjekk til faraos dotter med han, og guten vart ein son for henne. Ho gav han namnet Moses, «for eg har drege han opp or vatnet», sa ho.
11 Ei tid etter, då Moses var vaksen, gjekk han ut til landsmennene sine og fekk sjå tvangsarbeidet. Han såg ein egyptar som slo ein hebrear, ein av landsmennene hans.
12 Moses såg seg om til alle sider, og då han ikkje såg nokon, slo han egyptaren i hel og gøymde han i sanden.