19 Dei sa til Moses: «Tal med oss du, så skal vi høyra! Men lat ikkje Gud tala med oss, for då kjem vi til å døy.»
20 Då sa Moses til folket: «Ver ikkje redde! Gud er komen for å setja dykk på prøve, og for at de skal frykta han så de ikkje syndar.»
21 Så vart folket ståande langt borte, medan Moses nærma seg den tette skodda der Gud var.
22 Herren sa til Moses: Dette skal du seia til israelittane: De har sjølve sett at eg har tala med dykk frå himmelen.
23 De skal ikkje laga dykk nokon gud ved sida av meg. Gudar av sølv eller gull skal de ikkje laga dykk.
24 Eit altar av jord skal du laga for meg. På det skal du ofra brennoffera og fredsoffera dine og småfeet og storfeet ditt. Overalt der eg lèt namnet mitt nemnast, skal eg koma til deg og velsigna deg.
25 Men om du lagar eit steinaltar for meg, skal du ikkje byggja det av hoggen stein. For bruker du meisel på steinane, vanhelgar du dei.