3 Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.
4 Du skal ikkje laga deg gudebilete, inga etterlikning av noko som er oppe i himmelen eller nede på jorda eller i vatnet under jorda.
5 Du skal ikkje tilbe dei og ikkje la deg lokka til å dyrka dei! For eg, Herren din Gud, er ein nidkjær Gud som straffar borna i tredje og fjerde slektsledd for synda til fedrane når dei hatar meg,
6 men viser trufast kjærleik i tusen slektsledd mot dei som elskar meg og held boda mine.
7 Du skal ikkje misbruka namnet til Herren din Gud, for Herren lèt ikkje den gå fri som misbruker namnet hans.
8 Hugs på sabbatsdagen og hald han heilag.
9 Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning,