8 Hugs på sabbatsdagen og hald han heilag.
9 Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning,
10 men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje slaven din eller slavekvinna di, korkje buskapen din eller innflyttaren som bur i byane dine.
11 For på seks dagar laga Herren himmelen og jorda, havet og alt som er i dei; men den sjuande dagen kvilte han. Difor velsigna Herren sabbatsdagen og helga han.
12 Du skal heidra far din og mor di, så du kan leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg.
13 Du skal ikkje slå i hel.
14 Du skal ikkje bryta ekteskapet.