1 Dette er dei lovene du skal leggja fram for israelittane:
2 Når du kjøper ein hebraisk slave, skal han arbeida i seks år. Men i det sjuande året skal han setjast fri utan vederlag.
3 Kjem han som einsleg, skal han dra som einsleg. Er han gift, skal kona hans setjast fri saman med han.
4 Dersom herren hans gjev han ei kone og ho føder han søner og døtrer, skal kona og borna høyra til herren hennar, og han skal setjast fri åleine.
5 Men dersom slaven klårt seier: «Eg er glad i herren min og i kone og born, eg vil ikkje bli fri»,
6 då skal herren føra han fram for Gud og stilla han opp ved døra eller ved ein dørstolpe, og herren hans skal stikka ein syl gjennom øyret på han. Så skal han vera slaven hans for all tid.