20 Når nokon slår ein slave eller ei slavekvinne med stokk, så slaven døyr for hans hand, då skal det hemnast.
21 Men lever slaven ein dag eller to, skal det ikkje hemnast, slaven er jo hans eigedom.
22 Det kan henda at nokon slåst og støyter til ei gravid kvinne så ho mistar barnet, men sjølv ikkje blir skadd. Då skal den skuldige betala den skadebota som mannen hennar pålegg han, og det skal skje hos dommarane.
23 Men skjer det ein skade, skal du bøta liv for liv,
24 auge for auge, tann for tann, hand for hand, fot for fot,
25 brannsår for brannsår, flengje for flengje, skramme for skramme.
26 Når nokon slår ein slave eller ei slavekvinne i auget og skamfer det, skal han gje slaven fri som vederlag for auget.