7 Når ein mann sel dotter si som slavekvinne, skal ho ikkje gjevast fri på same måten som dei andre slavane.
8 Har herren hennar valt henne ut til seg sjølv, men likevel ikkje likar henne, skal han la henne kjøpast fri. Men han har ikkje rett til å selja henne til eit framandt folk, sidan han har vore trulaus mot henne.
9 Men har han valt henne ut til son sin, skal han gje henne dei same rettane som døtrer har.
10 Får han endå ei kone, skal han ikkje la den første mangla kjøt, klede eller angande oljar.
11 Dersom han ikkje lèt henne få desse tre tinga, skal ho gjevast fri utan vederlag.
12 Den som slår eit menneske i hel, skal døy.
13 Om han ikkje hadde planlagt det, men det var Gud som lèt han falla for hans hand, då skal eg fastsetja ein stad han kan rømma til.