10 Det kan henda at nokon lèt ein annan ta vare på eit esel, ein okse, eit lam eller eit anna dyr, og at det så døyr eller kjem til skade eller blir fanga utan at nokon ser det.
11 Då skal saka mellom dei to avgjerast gjennom at han sver ved Herren at han ikkje har strekt handa ut etter det som høyrer nesten til. Eigaren skal godta dette, og den andre skal ikkje gje han vederlag.
12 Men er dyret stole frå han, skal han gje eigaren fullt vederlag.
13 Er det rive i hel, skal han visa det fram som prov. Han skal ikkje gje vederlag for det som er ihelrive.
14 Når nokon låner eit dyr av nesten sin, og det kjem til skade eller døyr utan at eigaren var til stades, skal han gje fullt vederlag.
15 Men var eigaren til stades, skal han ikkje gje vederlag. Var dyret leigd, skal han likevel ha leiga.
16 Når ein mann forfører ei jomfru som ikkje er lova bort, og ligg med henne, då skal han betala brureprisen og ta henne til kone.