14 Når nokon låner eit dyr av nesten sin, og det kjem til skade eller døyr utan at eigaren var til stades, skal han gje fullt vederlag.
15 Men var eigaren til stades, skal han ikkje gje vederlag. Var dyret leigd, skal han likevel ha leiga.
16 Når ein mann forfører ei jomfru som ikkje er lova bort, og ligg med henne, då skal han betala brureprisen og ta henne til kone.
17 Men nektar faren å gje henne bort til han, skal han betala ein sum som svarar til brureprisen for ei jomfru.
18 Ei trollkvinne skal du ikkje la leva.
19 Den som ligg med dyr, skal døy.
20 Den som ofrar til andre gudar og ikkje til Herren åleine, skal bli slegen med bann og utsletta.